Nyheter

Konsekvensar av skjerpa Covid 19 forskrift

Her er kva som gjeld i perioden 25.mars - 12.april

Simulatorrommet vert stengt for all aktivitet

Det kan maksimalt vera 50 deltakarar på utandørs turneringar

Hald talet på nærkontaktar nede
Spel med medlemmer av husstanden eller med faste nærkontaktar kvar gong

Hald 2 meter avstand - overalt på anlegget
Båsane på drivingrange held den naudsynte avstanden
Bruk munnbind om du ikkje kan halde avstanden når du går til båsen din eller du skal fylle på med ballar

Bruk munnbind når du er inne i klubbhuset.
Borda i kafeteriaen er no sett opp med 2 meter avstand (plass til 12), så ikkje flytt på stolane eller ta fram fleire stolar

Det kan berre vera inntil 2 kundar i Proshop samstundes

Hald deg heime om du ikkje kjenner deg 100% frisk, ventar på svar på smittetest eller er i karantene

Nokre av desse punkta er tilrådingar og nokre er pålegg. Me ber innstendig om at du følgjer dei alle