Damegruppa på Bjørnefjorden Golfklubb er ei aktiv gruppe som spelar golf kvar onsdag frå april og ut september (-juli månad). Til saman ca. 15 onsdagar med varierande speleformer, både single- og par/lag turneringar.
Vi går 9 hol og begynner kl 17:30.
Er du ny i klubben ynskjer vi å ha deg med. Det gjev god turneringstrening og er ein unik mogeleghet til å tilegne seg regler o.a.
I individuelle konkurransar deler vi oss i to klassar etter hcp, medan lag- og parturneringer er samansett av spelarar med forskjellige hcp.Vi premierer vinnarane i kvar klasse og resten av deltakarane er med på vintrekning.
Terminlista for 2020 er nesten klar og vil kunne også finnast her om kort tid: …. og på gruppa si facebookside .
All påmelding foregår i Golfbox.
Elles så oppfordrar vi alle til å vere med på klubben sine andre turneringar.
Det er rom for fleire deltakarar onsdagskveldane og vi håpar at fleire av damene som er medlemmar i Bjørnefjorden vil bli med på våre sosiale kveldar.
I 2020 er følgjande med i komiteen: