Denne veka vert det arrangert lag-NM for dame og herreklassane i regi av Norges Golfforbund.
Damelaget som er tatt ut til å representere Bjørnefjorden er: Solveig Helgesen, Charlotta Strandmark og Tora Wiberg.
Herrelaget som er tatt ut består av; Tobias Arntzen, Nils Gunnar Holemark, Patrick Høgh Tveit og Mathias Pedersen, kaptein for laget er John Arntzen.
Damene skal til Kristiansand og spelar i 1.divisjon på Bjaavann golfbane 19.-21. juli, mens herrane skal til Karmøy der dei spelar i 2.divisjon 20. og 21. juli.
I 1.divisjon spelar ein 5 rundar.
Fredag og laurdag spelar ein 18 hull Foursome og 18 hull Four ball (1 par)
Søndag spelar alle 3 damene 18 hull single, dei to beste rundane tel i sammendraget.
I 2.divisjon spelar ein 3 rundar.
Laurdag: 18 hull Foursome og 18 hull Four ball (2 par)
Søndag spelar alle fire 18 hull single, der dei 3 beste rundane tel i sammendraget.