Nyheter

Stordugnad til sommarsesongen

Laurdag 13.april

Laurdag 13.april kl.10-15 vert det stordugnad på Bjørnefjorden Golfklubb.
Arbeidet er i hovudsak å gjere banen klar til sesongstart, med fjerning av kvist og greiner på banen, luking av bunkerane, reinsking av grøfter, maling, fylle i divotar på fairwayar etc. 

Då kan du få gjort unna alle dugnadstimane i ein eingong, om du ynskjer og har høve til det.

Påmelding til stordugnaden finn du her:
Link til dugnadspåmelding i golfbox

Her kan du også leggje inn beskjed til oss dersom du ikkje har høve til å vera med på stordugnaden, og gjerne vil ha oppgåver på andre dagar og tider gjennom sesongen.

Me set stor pris på om du gjev oss tilbakemelding på kva du konkret kan tenkje deg å bidra med som dugnadsinnsats, ut frå din kompetanse, kunnskap og/eller dine interesser.

Me treng folk til oppgåver som banevertskap, forecaddiar på turneringar, trenarar for dei yngste borna, dokumentering av aktivitetar med foto/video, fadderoppgåver for nye golfarar og golfarar som deltar gjennom folkehelsesatsinga FORE!, instruktørhjelp på Golfskulane, planting og stell (Grønne fingre - gruppa) og mykje anna.

Du kan elles kontakte dagleg leiar på tlf. 41321218 / e-post: Bjarte@bjgk.no eller Rolf Olsen i banemannskapet/turneringskomiteen på tlf. 90067427 / rolols@online.no.