Nyheter

Medlemskap 2024

Reglar for utmelding eller endring av medlemskapen for 2024

Fristen for å melde seg ut av golfklubben, eller å gjere endring til rimeligare medlemskap for året 2024, er 31.desember 2023.

Det er ein føresetnad at utmeldinga vert gjort skriftleg, og me tek gjerne imot denne på post@bjgk.no.

Dette er i trå med Bjørnefjorden Golfklubb sine reglar og retningslinjer, og i samsvar med dei lover og retningslinjer som gjeld for golfklubbane elles i Noreg.

Aldersbestemte medlemskap vert justert automatisk.

No er det 865 medlemmer i Bjørnefjorden Golfklubb, og årsmøtet har vedteke 900 medlemmer som øvre grense på antal medlemskap.
Om me passerer dette talet, vert det sett opp venteliste på medlemskap her hos oss.
Unnateke frå dette er born til og med 12 år.

Kontingentsatsane for 2024 vert fastsett av årsmøtet i klubben.