Dei iherdige pensjonistane er no i full gong med vedlikehaldsarbeid på banen.
Brua som havarerte på hol 8 er no klar til bruk att, gjerdet på tee 44 på hol 2 er reparert og denne tysdagen stod rydding av skog bak greenen på hol 6 for tur, slik at greenen får betre levevilkår.
Etter kvart skal dei også ferdigstille dreneringsgrøfter, køyre ut bunkersand og lage ny gras-tee på hol 7. Alt dette før sesongen startar.
Dette er ein eineståande gjeng med stå-på vilje og særs godt humør, og dei vil gjerne ha med seg fleire.
Så om du kan tenkje deg ein aktiv og trivelig tysdags formiddag er det berre å kontakte arbeidsleiar Rolf Olsen på tlf. 90067427.
Her er bilete Geir Engelsen tok av gjengen, under skogryddinga på tysdag:
1.sagførar Kisken ser til at alt går rett føre seg
Ein effektiv gjeng med arbeidsmaur...
Etter kvart kjem utsikten til Liafjellet fram