Nyheter

Ukrainske flyktningar lærer golf

Ny FORE! gruppe på Bjørnefjorden Golfklubb

Bjørnefjorden har motteke inkluderingsmidlar frå Inkluderings- og mangfaldsdirektoratet for å bidra til å inkludere dei ukrainske flyktningane som er busette i Bjørnafjorden Kommune.
Dette har resultert i at me kvar onsdag og fredag formiddag får besøk frå ei ivrig og entusiastisk gruppe av ukrainske kvinner, menn og born som storkosar seg med range-trening, putting og simulatorgolf, alt etter været.

Tiltaket har komme i gang i nært samarbeid med flyktningtenesta og vaksenopplæringa i Bjørnafjorden Kommune, og vert leia av vår nye FORE!-koordinator, Aron Arnesen.

 Her er nokre bilete frå aktiviteten:

Aron og gjengen kosar seg med golf, uansett vær...

Puttetrening er utfordrande både for liten og stor...