Nyheter

Golfsimulator 1 er no open

Begynnarkurs 12, 17. og 26.oktober kl.18

Har du lyst å prøve golfsimulator i haust og vinter?

Simulatorrommet er no opna, med nytt lys i taket - prisane er dei same som i 2021/22
PRISLISTE 


NYBYRJARKURS

Onsdag 12, måndag 17. og onsdag 26.oktober kl.18 arrangerer med simulator-kurs for nybyrjarar på simulatorrommet i klubbhuset.

Her får du lære:
- Korleis å setje i gong og stengje ned simulatoren
- Korleis bruke treningsmodulen
- Korleis spele golfrunde på simulator
- Reglane som gjeld på simulatorrommet

Til slutt får alle prøve å spele nokre hol på ein av dei mange golfbanane du kan velje mellom på simulatoren.

Bjarte vert instruktør på dei to første kursa, medan Rolf er instruktør på det tredje.

Pr no er det berre simulator 1 som kan nyttast, og derfor er det max 6 pers som kan delta på det første kurset

Me arbeider med å også få simulator 2 i gong, men må skifte lampar til prosjektoren før det kan skje.

På dei to andre kursa opnar me for inntil 10 personar.

Påmelding ordnar du  i Golfbox:

Påmelding kurs 1
Påmelding kurs 2
Påmelding kurs 3

Deltakaravgift pr. person er kr.50,-

Velkommen til spennande golfrundar på St. Andrews, Pebble Beach, Bay Hill og ei mengd andre kjende og mindre kjende kvalitetsbanar rundt om i heile verda.

Test også gjerne vår flotte innandørs puttinggreen (10 på stimpmeteret). Her kan du få trent inn neste års puttestroke, som reduserar talet på slag på scorekortet og kan sikre deg premie på neste års VM i putting!!