Nyheter

Golfskule 2022

For alle mellom 7-15 år

Alt du treng å vite om årets golfskular og korleis ein meld seg på.

Etter suksess i fjor er det i år også høve til å melde seg på to golfskular hos oss på Bjørnefjorden Golfklubb. Den første golfskulen er måndag 27. juni til og med torsdag 30. juni (veke 26). Den andre golfskule me arrangerer, er veka før skulane starter opp att, måndag 8. august til og med torsdag 11. august (veke 32). De vel sjølv om de vil vera med på ein av vekene eller på begge.

Kven kan være med?
Golfskulen er for born og ungdom i alderen 7 til 15 år. Det er ein aktivitetsskule både for dei med erfaring frå før og dei som aldri har tatt i ei golfkølle. Me delar deltakarane inn i grupper etter ferdighetsnivå og alder. Kvar gruppe får sin eigen instruktør,

Program:

  • Borna får nistepakke og oppskåren frukt kvar dag.
  • Masse variert golfmoro frå kl.09:00 til kl.15:00.
  • Opplæring etter ferdighetsnivå på både putting, chipping, driving range og banespel.
  • Golfutstyr vert lånt ut gratis, og kan kjøpast etter avslutning.
  • Siste dagen blir det en kjempegøy golfturnering der borna får teste ut alt dei har lært desse dagane, og informasjonsmøte med borna og dei føresette om juniortilbodet i Bjørnefjorden Golfklubb.

Pris
Golfskulen kostar kr. 1000 for kvar veke. For søsken betaler ein 800 kr pr. born/ungdom.

Påmelding:
Det er maks 30 deltakarar på kvar av skulane, første til mølla gjeld. Påmeldingskjema finn du lengre nede i saka, eller følg lenken her: https://forms.gle/7UmDxtCJ5LuuEbDt

Frist for påmelding:
24.juni for påmelding til veke 26 
5. august for påmelding til veke 32 

Har dykk spørsmål om golfskulen kan dei sendas til post@bjgk.no

 Ønskjer du å bidra med dugnads hjelp? Send ein mail til torawiberg@gmail.com