Nyheter

Sommargreenane opnar

Onsdag 20.april frå kl.10

ENDELEG!
Banemannskapet og engasjerte frivillige har stått på for å gjere klart for at me kan opne sommargreenane, og frå onsdag 20.april er dei opne for spel. Dei ser strålande fine og freistande ut!
Opninga gjeld også greenane på treningsområdet.

Tee`ane må me vente med å opne til grasveksten er kommen noko lengre. Grunnen er at dei fleste er små, og me vil dei skal vera av best mogeleg kvalitet gjennom heile sesongen.
No er det nye utslagsmatter på heile banen, så me vonar dette kan hjelpe på, mens me ventar.

Me oppmodar alle til å vera flinke med å reparere nedslagsmerker på greenane (ta gjerne fleire enn ditt eige om du ser nokon). Legg tilbake oppslått torv på dei klippa områda på banen. Me veit alle kor irriterande det er om ballen din hamnar i ein divot på fairway etter eit godt slag.

Ikkje gå eller trill vogna di over områder som nyleg er opparbeida, eller som er merka med blå stakar (GUR). Dette gjeld særskilt på hol 2, 3 , 4 og 5. 
Følg elles anvisningar som står på banen.

Så ynskjer me dykk alle god tur og velkommen til ein ny strålande sesong på Bjørnefjorden Golfklubb