Nyheter

Skiløypene er på plass att på golfbanen

...og dei er sjølvsagt open for alle

Os Røde Kors har nok ein gong laga løypetrasear på golfbanen, og denne gongen med skispor! Tusen takk for hjelpa.

Alle må halde seg til desse løypene når de er på skitur på golfbanen. Då unngår me skade på sårbare områder på banen.
Ver venleg og ikkje gå over dei områda som er skilta, sjølv om det allereie går skispor over dei.

Er døra open i klubbhuset, så er enten Nina eller Bjarte på plass. Då er de hjarteleg velkommen innom for toalettbesøk, og for å kjøpe varme og kalde drikker i automatane i kafeteriaen eller i Proshop. Det er også eit toalett ute de kan nytte, ved inngangen til kafeteriaen frå terrassen.

God tur :-)