Nyheter

Bjørnefjorden GK er kåra til Noreg sin mest brukarvenlege Golfhäftet klubb

Gjekk til topps i kamp med 56 andre Golfklubbar

Me får ofte høyre frå gjestande spelarar, at dei tykkjer dei føler seg vel mottekne her på Bjørnefjorden Golfklubb.

Golfhäftet deler årleg ut 5 ulike prisar, på grunnlag av dei tilbakemeldingane dei får inn frå spelarar som har vore rundt og spelt dei golfbanane som er med i Golfhäftet ordninga.

I år gjekk Bjørnefjorden GK heilt til topp i kategorien "Best hospitality - Norge", og det med ein score på utrulige 4,92 av 5 poeng!

I tillegg fekk klubben:
2.plass i kategoerien "Favourite Golf course - region Sør/Vest"
3.plass i kategorien "Best value for money - Norge"
3.plass i kategorien "Best Golf course - region Sør/Vest"

Klubben er svært stolt og takksam for alle desse prisane og vil gje ein stor honnør alle de som har stått på gjennom året og gjeve gjestene våre så varm velkomst og flott oppleving.