Herregruppa avrunda sesongen laurdag 26.september med ei 18 hols turnering i strålande vær.
I turneringa gjekk Thomas Lorentzen-Styr til topps i nettoklassen, medan John Arntzen sigra i bruttoklassen.
Dette gav følgjande resultat på Order og Merit 2020
Årets Herre i nettoklassen vart Ørnulf Jacobsen (821 poeng). På 2.plass kom Marin Skorpen Eck (802 poeng), medan Steinar Stølsnes kapra 3.plassen (801 poeng).
Årets Herre i bruttoklassen vart John Arntzen (11276 poeng). Også her kom Martin Skorpen Eck på 2.plass (1099 poeng, medan 3.plassen gjekk til Sverre Østervold Marcelius (1077 poeng)
Me gratulerar alle saman!
Stolt Sigerspall i nettoklassen (frå venstre Martin Skorpen Eck, Ørnulf Jacobsen og Steinar Stølsnes)
Minst like stolt sigerspall i bruttoklassen (Frå venstre Martin Skopren Eck, John Arntzen og SVerre Østervold Marcelius)