Måndag 28.september avslutta seniorgruppa sesongen på Tee 27
43 deltakarer, fordelt på 31 herrar og 12 damer deltok i avslutningsturneringa i seniorgruppa.
Turneringa gjekk over 9 hol frå Tee 27.
I dameklassen vann Marit Jordal Sætre, medan Ronny Nygård vann herreklassen.
Dette gav også det endelege resultatet på Order of Merit.
Her sigra Marianne Rød (690 poeng). Anne Grethe Just Olsen tok 2.plassen (470 poeng), medan Eli-Karin Wiberg kom på 3.plass (463 poeng).
I herreklassen klatra Gunnar Våge til topps (460 poeng ). Hjalmar Leo Lundervik tok her 2.plassen(444 poeng) Magne Moberg kom på 3.plass (437 poeng)
Me gratulerar alle.
Dei stolte vinnarane av Order og Merit senior 2020 - Marianne Rød og Gunnar Våge