Nyheter

Nyheter

Ein glad gjeng frå klassen 9-12

Narvesen Tour 2020

Rekorddeltakelse under årets Narvesen Tour på Bjørnefjorden

Laurdag 19.september var Bjørnefjorden arrangør av Narvesen Tour som er ei regionsturnering for barn og unge i alderen 6-19 år

På grunn av Covid19 var deltakerantal sett til maks 75 deltakarar, med over 80 påmeldte vart det venteliste for å få vera med.
Det vart ein nydelig dag på Hauge med mykje sol og blide fjes. Banen haldt bra - sjølv om det var spor etter siste vekers nedbør.

BJGK stillte med 16 spelarar, der Tobias Arntzen gjekk av med seieren i eldste guteklasse med +1, Isak Heggland tok ein 4. plass i same klassen. I klassen gutar 13-15 tok Mathias G. Pedersen ein flott 3.plass med +1.
I klassen Mix 13-19 tok Sebastian Neeven Rosedahl 3.plassen og Ylva Hevrøy Hagenes 5.plass.
Heile 11 av spelarane våre spelte i dei yngste klassane Mix 6-8 og Mix 9-12, noko som skulle lova godt for framtida

Sjekk golfbox for fullstendige resultatlister: RESULTATER

Dagens vinnarar var:

Jenter 16-19 Sarah Cristensen Leirstein frå Fana GK

Jenter 13-15 Hedevig Anna Braastad Huth frå Fana GK

Gutar 16-19 Tobias Arntzen frå Bjørnefjorden GK

Gutar 13-15 Alexander Vik Nonås frå Bergen GK og

Mix 13-19 Mats Stormark Ebbesvik frå Meland GK

Vi takkar turneringsleiar Tora, Andrea i pro-shop og alle foreldre og medlemmer ellers som stillte opp og gjorde ein strålande dugnadsinnsats slik at juniorane forhåpentligvis hadde ein kjekk dag på banen.

Takk òg til banemannskapet for ein godt stelt bane på tross av siste vekers nedbørsmengder