Nyheter

Klubbmeisterskap senior

Geir Arild Dalen og Nina Johnsen vart klubbmeistrar i seniorklassen 2020, medan Geir Engelsen vann i klassen +65.

Seniorane fekk strålande vær då klubbmeiserskapen i denne klassen vart avvikla 29. og 30.august.

I dameklassen var Nina Johnsen den suverene klubbmeisteren med 40 slag over par.
Det var 19 slag framfor Anne Grethe Just Olsen som kom på 2.plass. Marianne Rød kapra 3.plassen 8 slag bak Anne Grethe.


Marianne Rød.klubb,eister Nina Johnsen og Anne Grethe Just Olsen

I herreklassen vart det langt jamnare.
Her vart Geir Arild Dalen klubbmeister med 12 slag over par, medan John Arntzen på 2.plass berre var 2 slag bak. Her kom Steinar Stølsnes på 3.plass, 3 slag bak John.


Klubbmeister - Geir Arild Dalen

Det vart også konkurrert i klassen 65+.der det vart spela med fullt handicap.
Her vann Geir Engelsen med -1. På 2.plass kom Gunnar Våge med +5 medan Nils Kristian Lygre (Kisken) kom på 3 plass med +7.


Gunnar Våge og Geir Engelsen 

Me gratulerar alle saman med ein strålande flott innsats!