Opna damehelga med siger i alle klassane på laurdagen
Ladies Weekend på Voss består av 2 turneringar og er ei flott sportsleg markerking av damegolfen i regionen vår.
Bjørnefjorden Golfklubb var representert med 8 spelarar og desse skapte ein real sportsleg fest begge dagane.
Laurdagen var det Voss Ladies Open
Der gjekk Marianne Rød til topps i A-klassen, med Tora Wiberg på 3.plass, Andrea Rød Tombre på 6.plass og Hilde Karin Grasdal på 7.plass.
I B-klassen gjekk sigeren til Eli Karin Wiberg, medan Karin Heggland Grasdal vann C-Klassen med Anita Egge på 2.plass.
Søndagen var det Ladies Tour Voss
Her vann Tora Klasse 1 med Andrea på 3.plass, Marianne på 6.plass, Hilde på 7.plass og Mia på 11.plass
Eli-Karin kom på 5.plass i Klasse 3, medan Karin kom på 2.plass og Anita kom på 4.plass i klasse 4.
Tora vann også konkurransen "longest drive" begge dei to dagane, mens Marianne var "nærast pinnen" søndag.
Me gratulerar alle saman med ein strålande flott innsats. Dette syner at damegolfen på Bjørnefjorden er i svært god utvikling.
Anita, Karin, Marianne, Eli-karin og Tora (Biletet er teke av Hilde Karin)