Nyheter

Krevjande Lag NM på Fana

Etter lange dagar, mykje vind og regn og færre rundar enn planlagt, og vart det dessverre nedrykk for begge laga frå Bjørnefjorden Golfklubb, i Lag NM 1.div på Fana.

Med svært lågt hcp nivå hjå dei andre laga, var det ei svært vaksen oppgåve for Andrea, Tora og Solveig  å greie å forsvare opprykket frå 2.div i fjor.
Første dag heldt dei godt stand og låg heilt oppe på ein delt 2.plass, men konkurransen vart for tøff på singlerunden på søndagen og det enda med ein sisteplass.
Trass dette viste damene tidvis mykje godt spel, som toppa seg med Tora sin -1 score på dei siste 9 hola sundagen. 

Herrelaget med Nils Gunnar, Jahn Olav, Martin, John og Alexander fekk også ein hard kamp mot mange lag som på papiret held eit høgare nivå.
Fredagen imponerte ungdommane med nest beste score på sin foursomerunde, medan det andre paret fekk ein særdeles tung back-9. Laurdagen spelte dei seg opp til plassen bak trygg grunn, men søndagen greidde dei ikkje avansere noko lengre og vart det beste av dei 5 laga som rykkjer ned


Begge laga skal ha ros for at dei gjorde sitt beste, så no er det berre å leggje seg i selen fram mot neste års Lag NM.