Nyheter

Nyheter

Espen Engevik og Bjarte Wiberg tek eit golfete korona-handtrykk

Engevik VVS - ny sponsor

Engevik VVS har underteikna samarbeidsavtale med golfklubben ut 2023

Espen Engevik tok VTG kurs hjå Bjørnefjorden Golfklubb no i juni, saman med ein god gjeng frå Os Turn Fotball. I dag tunderteikna han like godt ein samarbeidsavtale med golfklubben for firmaet sitt, Engevik VVS & Bygg AS.

Eit av måla for samarbeidet er å understøtte Os Turn Fotball (OTF), som golfklubben også har planar for å ha samarbeid med. Espen er sjølv fotballtrenar hjå OTF og seier fotballspelarar derfrå, som har teikna medlemsskap i Bjørnefjorden Golfklubb, no vil kunne nytte dei 2 spelerettane Engevik VVS har med i avtalen, når desse ikkje er i bruk av firmaet.

Dette skapar vinst for alle 3 partane, og me i Bjørnefjorden Golfklubb ynskjer Engevik VVS & Bygg hjarteleg velkommen som sponsor og støttespelar dei kommande åra.