Nyheter

Belka Golf Nordic Open 2020

Spel turnering på Bjørnefjorden og vinn eit vekesopphald på Sueno Golf i Belek!

Belka Golf Nordic Open 2020 er ei singleturnering med fullt handicap som vert spela på mange golfbanar i Norden.
Turneringa vert spela over 18 hol med shotgunstart kl.10
Speleforma er Svensk slaggolf (banens par + 5 slag) med fullt handicap .
Påmelding til turneringa på Bjørnefjorden GK er no opna i Golfbox.
Max antall deltakarar er 54, og det er først til mølla som gjeld!

Turneringa byr også på fleire små konkurransar som closest to pin, longest drive og closest to target, med fine premiar.

Vinnaren av turneringa på Bjørnefjorden GK får eit vekesopphald på Sueno Golf Hotel i Belek, Tyrkia.
Dette er eit flott All Inclusive  resorthotell, med 2 fantastiske 18 holsbanar. Vinnaren får 4 dagar fri golf og finalespel med på kjøpet.
Det er også premie for 2. og 3.plass.

Du kan også gjere pinsehelga til ditt eige vesle golfeventyr, med 3 sjansar til å vinne Belek-turen. Belka Golf Nordic Open vert arrangert på Voss GK dagen før turneringa på Bjørnefjorden GK, og på Kvinnherad GK dagen etter.