Nyheter

Planlegging og informasjonsmøte for Seniorane 2025 sesongen

Fyller du 50 år i løpet av 2025, - eller er du eldre ? Då er du hjarteleg velkommen til møte i kantina på Bjørnefjorden Golfklubb måndag 24. mars kl. 19.00. Her vil vi i Seniorgruppa informere om våre planar for golfsesongen 2025. Her er det muleg å komme med innspel om måndagsturneringane og eventuell golftur.

Under siste del av møtet den 24. mars, vil det også bli informasjon om Norsk Senior Golf (NSG) og turneringane i 2025.

Er du svært interessert i NSG, så er det eit "djupdykk- møte" hos Bergen Golfklubb den 19. mars.  Sjå info under. 


Velkommen til ein kjekk golfsesong !

Vi ønskjer spesielt «nye» seniorer velkommen.   Alder er ingen hindring ???? - heller ikkje Handicap

I fjor var det med spelarar frå 50 til nesten 90 år, og med HCP frå 6 til 40. 

Det er god stemning i seniorgruppa kvar måndag !


Seniorgruppa

Ingebjørg, Hans og Geir-Arne