Nyheter

Nydelige dagar på Golfklubben

Sol, vårstemning og ein tørr fin vinterbane

Metereologisk Institutt varslar strålande sol og fint vær i mange dagar framover, så no er tida for å finne fram golfbagen og ta turen til Bjørnefjorden GK.
Alt er no ope og klart til bruk for deg, unnateke sommargreenane på banen og rundt klubbhuset.

Banemannskapet og Tysdagsgjengen er sjølvsagt i full gong med å få unna alt av vintervedlikehald som skal gjerast før sesongen startar.
Og det dei gjer er noko me alle vil få stor glede av denne sesongen.
Folk melder elles inn om strålande fine speleforhold på vinterbanenbanen, og du må ta turen og sjå kva som har skjedd rundt greenen på hol 5...!!

Rolf har fått gravemaskin-lappen, så no går det unna med dreneringsarbeidet!!

Tysdagsgjengen i full aktivitet på hol 5