Nyheter

Opplæring på Trackman

På simulatorrommet - tysdagar frå 10.januar

Lær det grunnleggjande om korleis du brukar trackman her hjå oss

Lyst å ta golfen din til eit betre nivå? - Prøv Trackman!!
Trackman er ein radar som presist registrerer all tenkjeleg informasjon om eit golfslag.
Med Trackman vil du kunne finne ut det meste om svingen, slaga og teknikken din.  Det er også eit godt verktøy til å finne kva lengder du har med dei forskjellige køllene du har i bagen.

Denne vinteren er klubben sin Trackman fastmontert i Simulator 1, og kan nyttast av deg som ynskjer å bruke Trackman. Den står på glideskinner og kan såleis nyttast av både høgre- og venstrehendte spelarar.

OPPLÆRINGSKURS
Me arrangerer opplæringskveldar for Trackman tysdag 10. og 17.januar kl.19 - 21 
10.januar
17.januar
Fleire kurs vert sett opp, dersom intereressa er stor.
Kurset kostar kr. 100,- pr. person og består både av ein teoretisk og ein praktisk del.
Me har kapasitet til 6 deltakarar på kvart kurs - og først til Mølla prinsippet gjeld.
Instruktør er Rolf Olsen. 
Etter gjennomført kurs vil du sjølv vera i stand til å bruke Trackman på eiga hand. 

BRUK AV SIMULATOR
Dette gjer du på akkurat same vis som når du skal spele golf på simulator.
Prisen er også den same pr. time, som ved simulatorspel.
NB! det betyr også at når fleire trenar saman på Trackman, deler de kostnaden mellom dykk.
Betaling gjer du på Vipps.
PRISLISTE

Meld deg på kurs - og bli ein betre golfar med Trackman