Nyheter

Simulator ettervinteren 2023

Oppgradering av simulatorane og Winter Challenge

No får simulatorrommet ei ansiktsløfting med 2 nye prosjektorar og nytt lerret på simulator 1. 
På simulator 1 finn du også Trackman som du kan bruke til å lære meir om korleis å forbetre golfsvingen din og kva lengder du har på dei ulike køllene. 
Frå veke 5 vil Trackman også visast via den nye prosjektoren. 


Winter Challenge 

Dette vert ei parturnering med matchspel på simulator og 50% handicap, der alle kan delta.

Turneringa finn stad på ein av dei meir lettspelte banane i programmet, og er i 2 deler med ein utslagsrunde og ein finale.

Altså er det heile lagt opp som ein cup, der me til slutt står att med eit vinnarpar.

Premien til paret som vinn turneringa er 1 hotellovernatting i dobbeltrom og ein 18 hols golfrunde på ein av dei beste golfbanane i regionen.
Kva tid i løpet av sesongen 2023, avklarar vinnarparet med golfklubben, så ordnar klubben med bestillinga av dette.

Startavgift kr. 200,- og simulatorleige kr.100,-

Turneringa vert avvikla i februar/mars.

Meir informasjon kjem her på heimesida og påmelding vert lagt ut i Golfbox 


Har du spørsmål om turneringa, sender du dei til Bjarte på mail: Bjarte@bjgk.no