Nyheter

Kjøp fyrstikker

så støttar du juniorarbeidet i klubben

Bjørnefjorden Golfklubb arbeider for å skape eit best mogeleg aktivitetstilbod for born og unge i klubben.
For å styrkje ressursane til juniorgruppa, tilbyr me no alle som vil, å kjøpe fyrstikker som viser at de støttar juniorarnbeidet i klubben.
Dette er lange fyrstikker som eignar seg godt, når peiskosen skal skapast i den mørke årstida. Det er også ein god ide til ei fin lita julegåve

Vi har 100 fyrstikkesker, og først til mølla gjeld!

Alle midlane frå salet av fyrstikker skal gå direkte til juniorane, og betaling for fyrstikkene gjer de derfor enkelt i go`stolen med å betale inn kr.50,- pr. fyrstikkeske til juniorgruppa på Vippsr.582605 eller ved å scanne denne QR-koden med mobilen:


Merk Vipps innbetalinga med teksten "Fyrstikker 2022"

Fyrstikkeskene hentar de i proshop måndag-fredag mellom kl.9-16, eller på simulatorrommet på ein av juniorane sine treningar:
Måndagar kl. 18-20
Tysdagar kl. 17.30-19
Torsdagar kl.18-20
Laurdagar kl. 11-12.30
 - mot å framvise vipps-betaling på mobilen.