Nyheter

Simulatorspel og Winter Challenge 2022

Bli med på knallgøy turnering på simulator i november - desember

No er endeleg nye lampar på plass i prosjektorane og begge simulatorane fungerer som dei skal. Også simulator 1 har no langt betre bilete på lerretet enn før.
Starttider på simulator bestiller du i golfbox ved å velge ein av simulatorane som fasilitet.

I desember vil me arrangere turnering på simuator - Winter Challenge 2022.
Dette vert ei parturnering med single slag over 18 hol.
1/2 handicap og simulatorane har ei maxgrense på 36, så alle med klubbhandicap må også spele med hcp 36 i turneringa.
Dei første 2 helgene vert det utslagsrundar mellom 2 par på kvar simulator, der vinnaren går til eit finalespel i romjula.
Me kan love flotte premiar - og turneringsspel på banar som er vel kjende for dei fleste som følgjer den internasjonale toppgolfen.

Turneringa er open for alle som ynskjer, men med max 52 par kan delta.

Arrangementet vil snart bli opna for påmelding i Golfbox.