Nyheter

Utbetringar på banen i gang

Os VGS opnar opp alle vannhindera våre att

I samarbeid med Os Vidaregåande skule si avdeling for anleggsteknikk, vil me fram mot sesongstart fjerne sedimentmasse som ligg i alle straffeområda våre rundt på banen.
Med dette arbeidet gjort, vil me få vannspegelen fram att i desse, og vatnet vil renne raskare bort frå banen, slik at me får ein tørrare bane i desse områda att.

Samstundes vil dette heve det estetiske nivået på banen vår, til glede for alle som spelar golf hjå oss kommande sesong. 
Kanskje nokon blir inspirert til å vera med og bidra til at me kan få på plass ein fontene i vatnet framfor hol 2 også...?

I tillegg til denne jobben, skal det no også gjerast  ein del sikringsutbetringar på treningsområdet og banen fram mot sesongstart. 

Og så er den nye dugnadsgjengen vår på plass på tysdagane, og dei gjer ein kjempejobb med å rydde skadde og rotvelta trær, fjerne den underskogen som har vakse opp og andre små og store jobbar som skal gjere banen finare og betre spelbar. Kudos til desse arbeidsjerna som brukar fritida si på dette verdifulle arbeidet.