Nyheter

Simulatorgolf på Bjørnefjorden GK

Opplæringskveld onsdag 27. og torsdag 28.oktober kl.18-20

Du treng ikkje å pakke bort golfutstyret sjølv om me går vinteren i møte og været ikkje innbyr til golf ute på banen.

Våre 2 Full Swing golfsimulatorar er opne frå morgon til kveld, med både drivingrange og ei mengde ulike golfbanar frå heile verda du kan utfordre deg og venene dine på.
Starttid på simulator bookar du i Golfbox på same vis som ein runde på golfbanen.
Ein 18 hols runde tek frå 2 til 3 timar, om de er 4 som spelar (raskt spel gjer såleis runden rimelegare for kvar spelar)
Prisane varierer frå kr 100 til kr 250 pr simulator pr. time, om du er medlem i klubben. Litt dyrare for ikkje-medlemmer.

Prisliste

INTRODUKSJONSKURS

Onsdag 27. og torsdag 28.oktober held me introduksjonskurs på korleis å bruke golfsimulatorane her på Bjørnefjorden Golfklubb. Det er 10 plassar på kvart kurs, så ver rask med å booke deg  i Golfbox. Først til mølla gjeld - og kurset er heilt gratis!!
Påmelding onsdag 27.oktober
Påmelding torsdag 28.oktober

På kurset får du all informasjon du treng for å spele golfsimulator. Du får innføring i korleis å setje opp simulatoren for spel, kva reglar som gjeld ved simulatorspel og  ein liten testrunde på ein av golfbanane.

Velkommen til nye knallgøye golfopplevingar innandørs!!