Nyheter

Nyheter

Sisteballen gjer seg klar til start

Klubbmeisterskapet i gong

Kl.9 på laurdag gjekk startskotet for KM på Bjørnefjorden Golfbane i strålande solskinn


Eit startfelt på drygt 40 spelarar er no ute på dei første 36 hola, av årets klubbmeisterskap.

Ramma for arrangementet kan ikkje bli betre, med ein turneringspreppa bane i strålande god stand (stor takk til Mark) og eit nydeleg seinsommarvær.

Me ynskjer alle deltakarane lukke til begge  dei to dagane meisterskapet vert avvikla, og gledar oss til å krone klubbmeistrar i herre-, dame- og juniorklassen på ettermiddagen søndag.
Kanskje får me omspel også - det vil i så fall bli gjennomført på hol 9, hol 1 og hol 2 - fram til den første vinn holet og me har ein meister på plass.
Ta gjerne turen oppom og sjå spenninga verta utløyst

Du kan også følgje meisterskapen live HER

Startarjobben godt ivareteken av Ottar Blokhus

Stilstudie av Jahn Olav Arntzen på hol 2