Nyheter

Ekstra VTG kurs 3. og 4.august

Grunna stor etterspurnad set me no opp eit ekstra VTG kurs neste veke.

Ekstra "Vegen Til Golf"-kurs
Med dette kurset og medlemsskap i Bjørnefjorden Golfklubb, kan du med ein gong starte opp med verdas kjekkaste sports- og fritidsaktivitet, og byrje å spele på 9 hols banen vår!

Tysdag 3.august kl.17-20 (praktisk del) og
Onsdag 4.august kl. 17:30-21:30 (teoridel m/banevanding)

Først til mølla prinsippet gjeld, så ikkje nøl med å melde deg på.
Påmelding til dette kurset gjer du ved å kontakte oss på tlf. 56 30 70 88 eller på e-post til Bjarte@bjgk.no.
I påmeldinga treng me følgjande informason frå deg:
- Fullt namn
- Fødselsdato og -år
- Adresse, Postnr. og Poststad
- Mobilnr.
- E-post adresse

Frå og med dette kurset og ut sesongen, vert prisen på VTG medlemsskap redusert til
kr 1.990 ( VTG kurset inkludert).

Ta gjerne kontakt om det er noko du lurar på om kurset, klubben vår eller golf generelt.

Med venleg helsing
Bjørnefjorden Golfklubb