Nyheter

Golfskulen 2021

Informasjon om golfskulen 2021

Har du lyst å prøve golf i sommar? Me arrangerer golfskule for born mellom 7 og 15 år.

I år er det høve til å melde seg på to golfskular hos oss på Bjørnefjorden Golfklubb. Den første golfskulen er måndag 21. juni til og med torsdag 24. juni (veke 25). Den andre golfskule me arrangerer, er veka før skulane starter opp att, måndag 9. august til og med torsdag 12. august (veke 32). De vel sjølv om de vil vera med på ein av vekene eller på begge.

Kven kan være med?
Golfskulen er for born og ungdomar i alderen 7 til 15 år. Det er ein aktivitetsskule både for dei med erfaring frå før og dei som aldri har tatt i ei golfkølle. Me delar deltakarane inn i grupper etter ferdighetsnivå og alder. Kvar gruppe får sin eigen instruktør,

Program:

  • Borna får nistepakke og oppskåren frukt kvar dag.
  • Masse variert golfmoro frå kl.09:00 til kl.15:00.
  • Opplæring etter ferdighetsnivå på både putting, chipping, driving range og banespel.
  • Golfutstyr vert lånt ut gratis, og kan kjøpast etter avslutning.
  • Siste dagen blir det en kjempegøy golfturnering der borna får teste ut alt dei har lært desse dagane, og informasjonsmøte med borna og dei føresette om juniortilbodet i Bjørnefjorden Golfklubb.

Pris
Golfskulen kostar kr. 1000 for kvar veke. For søsken betaler ein 800 kr pr. born/ungdom.

Påmelding:
Det er maks 30 deltakarar på kvar av skulane, med første mann til mølla. Ein melder seg på ved å sende mail til administrasjonen på post@bjgk.no.
I påmeldinga må de skrive kva veke påmeldinga gjeld, fullt namn og alder på deltakarar og namn og telefon nr. til foresatt. Gje oss også beskjed om det er greit at me kan ta bilete av barnet eller ikkje. 
Frist for påmelding:
14.juni for påmelding til veke 25 eller begge vekene 
2. august for påmelding til veke 32