Nyheter

Dugnad og Sommarbane i helga


Me minner om at det vert stordugnad i morgon kl.9-14. Bjarte og Rolf er til stades og set dykk i gong med oppgåvene som skal gjerast.
Hugs å ha med arbeidshanskar.

Laurdag etter dugnaden og sundag vert sommarbanen open, med vinter-tee'ar.
Det er pr. i dag ein gryande vekst i graset, om enn litt for lite til at me kan opne sommargreenane permanent, men i helga vert det i alle fall høve 2 dagar til å teste sommarbanen.
Me kryssar fingrane for at nattetemperaturen stig så mykje at veksten kjem i gang for fullt, slik at vi kan flytte flagga permanent over til ordentlege greenar.
Som de sikkert har sett er dei i god stand, med minimalt med sopp og mose, så det lovar godt for ein fin bane denne sesongen.