Nyheter

Golf Nordic Open

Parturnering slaggolf - med flotte premiar

Me ynskjer alle velkommen til å delta på ein av vårens kjekkaste turneringar, i pinsehelga.
Ta med ektefellen, arvingen, kjærasten, ein kamerat, ein av foreldra dine eller ein annan som er medlem i ein norsk golfklubb.

Golf Nordic Open er ei parturnering over 18 hol innan speleforma fourball slag-golf (par+5).
Kvar spelar skal då spele sin ball frå tee til ballen er i holet, men...
Par + 5 vil seie at ein plukkar ballen om ein ikkje har fått den i holet på:
7 slag på eit Par 3 hol - då skriv ein 8 slag på scorekortet
8 slag på eit Par 4 hol - då skriv ein 9 slag på scorekortet
9 slag på eit Par 5 hol - då skriv ein 10 slag på scorekortet
Det vert spelt med 75% handicap (den med lågast handicap tel 75% og den med høgast 25%)


Golf Nordic stiller eit flott premiebord med både reise-gåvekort og golfutstyr til dei beste laga.
Det vert  også premiering for "closest to pin" og "longest drive". Kva hol dette gjeld vert det informert om før start.

Turneringa vert gjennomført med 2 stk shotgunstartar. Ein kl.09:00 og ein kl.15:00
Du vel den tida som passar best for dykk når du melder deg på i Golfbox.
Påmeldingsfristen er 21.mai kl.15:00, men det er lurt å vera ute i god tid, då denne turneringa var fullbooka i fjor.

PÅMELDINGSSKJEMA

Om du vil auke vinnarsjansane dykkar ytterlegare og gjere pinsen til ein skikkelig golfweekend, kan du også spele Golf Nordic Open på Voss GK laurdag 22.mai og Kvinnherad GK måndag 24.mai!