Nyheter

Titleist / FJ DEMODAGAR

FREDAG 16. OG LAURDAG 17.APRIL

Dette året slår me saman demo-dagane for Titleist og Footjoy produktene til ei demohelg.

I Proshop har me plukka ut eit utval av modellar og produkt, som me trur vil kunne falle i smak for deg, men smaken er jo som kjent delt.
Derfor er 16. og 17 april ein unik sjanse du får til å få sjekka ut alle typar som finnest av Footjoy golfsko og golfklær, og til å få teste ut alle tenkjelege typar køller og skaft, slik at du finn fram til det som passar aller best for deg og din sving.

Det er sjølvsagt heilt opp til deg om du vil kjøpe dei varene du prøver, og det pleier også å vera lønsamt å handle på demodagane.

Grunna Covid 19 må alle førehandspåmelde seg til demodagen.

FOOTJOY:
Fredag kl.18-20 er fokus på heile FJ-kolleksjonen av golfklær 
Det er ikkje påmelding til tilpassinga av klær på fredagen.
Me registrerer dykk inn med kontaktinfo når de kjem hit på fredagen, i tilfelle det trengs for smittesporing.

Laurdag kl.10-14:30 er fokus på heile FJ-kolleksjonen av sko
Dette skjer på Klubbhuset - i kafeteriaen og simulatorrommet
Påmelding på https://www.footjoy.se/sv_SE/performance-fitting-system-EU.html for tilpassing av sko (adressa på plakaten er feil)

TITLEIST:
Laurdag kl.10:00 16:45 er det kølletilpasning m/trackman.

Skjemaet Titleist har lagt ut er no fullteikna. Om du tar kontakt med Sverre på tlf. 91363096 og stiller opp på laurdagen, så skal dei prøve å skvise nokre fleire inn.