Nyheter

Vinterbane, drivingrange og pitch&putt er open

...men simulatorane må stengjast til 18.januar grunna skjerpa nasjonale retningsliner for smittevern

Regjeringa innfører i perioden 4.-17.januar skjerpa retningsliner som gjer at me må halde simulatorane stengt i denne perioden.
Denne perioden gjeld stenginga også for den organiserte treninga for born og unge innandørs.
Me opnar opp att så snart det er mogeleg, vonaleg allereie frå måndag 18.januar.

Klubbhuset med proshop, kafeteria og toaletter er ope i den tida folk frå administrasjonen er til stades. Elles er klubbhuset stengt.

Utandørs er anlegget ope, med gjeldande smittevernreglar. Bruk munnbind dersom det er situasjonar der det ikkje er mogeleg å halde avstand til kvarandre på minst ein meter.