Nyheter

Vinterbanen open for spel

men berre ein spelar om gongen

Munnbind skal nyttast rundt klubbhus og på drivingrange

Bjørnafjorden Kommune har stadfesta overfor klubben at gjeldande forskrift for smittevern, ikkje stengjer for eigenorganisert spel på vinterbanen, dersom kvar spelar går åleine.

Bjørnefjorden Golfklubb opnar derfor, frå fredag 27.november, opp att vinterbanen for eigenorganisert spel, med det overståande som føresetnad. 
Då sommar-teeane no er stengde, skal utslagsmattene nyttast på heile banen.
Ein spelar kan ha følgje med eit anna medlem i husstanden som ikkje spelar golf.

KRAV OM BOOKING I GOLFBOX
Det er no opna att for booking av tid på vinterbanen i Golfbox
NB!! Alt spel på banen SKAL på førehand vera booka i Golfbox.
Spelarar som ikkje har gjort dette før dei kjem, har ikkje lov å gå ut på banen før dei har booka tid.

KRAV OM MUNNBIND
NGF sitt regelverk for smittevern gjeld som tidlegare, og i tillegg SKAL alle bruke munnbind på drivingrangen og området i og rundet klubbhuset. 
Me henstiller derfor alle til å ha munnbind med når dei kjem til anlegget. Eit tips er å heile vegen ha ein pakke liggjande i bilen eller i golfbagen.
I tråd med krav frå kommunen, vert brot på dette kravet og dei øvrige reglane for smittevern, handheva med bortvising frå anlegget.

Så får me kryssa fingrane for at dei strenge reglane for smittevern gjev reduksjon i smittetrykket, slik at me om ikkje så alt for lenge kan opne anlegget for meir normal aktivitet att.
Me takkar både våre eigne medlemmer for at de både har vore, og er så aktivt med på samfunnsdugnaden for å ivareta eit best mogeleg smittevern.

Med venleg helsing styret og administrasjonen