Nyheter

Stenging på Bjørnefjorden GK

I perioden 7. - 23 november

Skjerpingar i retningslinene Bjørnafjorden Kommunehar gjort  for perioden 7.-23.november rammar Bjørnefjorden Golfklubb hardt.

Kommunelegen  har stadfesta for klubben at all golfaktivitet kjem inn under det som i forskrifta er breiddeidrett for vaksne.
Adm søkte om disponsasjon til å halde banen open for gjestespel, men kriseteamet i Bjørnafjorden Kommune har vedteke å ikkje gje nokon dispensasjonar.

All golfaktivitet både ute og inne må stengjast ned i denne perioden, med unntak av det organiserte tilbodet til born og unge.
Me ber alle vera obs på at dette er eit pålegg, og det kan straffast med bøter om nokon nyttar banen og treningsområdet til golfaktivitet i denne perioden!!

Klubbhuset vert i regelen stengt, då dei tilsette i størst mogeleg grad skal ha heimekontor i denne perioden.

PROSHOP
I perioden vert Proshop halden open til desse tidene:

Onsdag 11.november kl.15-20 (i samband med Titleist -Custom Fitting)
Torsdag 12.november kl.18-20
Måndag 16.november kl.18-20
Torsdag 19.november kl.18-20

Størrelsen på Proshop gjer at me berre kan ha inne 1 kunde om gongen.

TITLEIST CUSTOM FITTING
Onsdag 11.november vert gjennomført på simulatorrommet som planlagt, så meld deg på i Golfbox.
Det vert kun ein person inne om gangen. Resten må vente på tur i kafeen.

Me ber om forståing for den nedstenginga me no er pålangde å gjere, og kryssar fingrane for at me kan opne opp att banen, simulatorane og treningsområdet etter 23.november.