Nyheter

Blokkering for nattefrost

Ved nattefrost vert flagg på morgonen flytta til vinterbanen på nokre greenar

Me opplever no nattefrost som gjer at nokre av våre sommargreenar ikkje kan nyttast på formiddagen.
Dette gjeld særeskilt for hol 1, hol 2, hol 6 og hol 7.
Greenen på hol 6 ligg så undersolt til, at den inntil vidare vert stengt heile dagen.

Det vert lagt inn blokkering i Golfbox fram til kl.10 kvar dag.

Greenkeeper sjekkar status på greenane kvar morgon, og han flyttar flagget tilbake på sommargreen så snart han meiner den er klar for spel att, i løpet av dagen.

Me ber alle vise tålmod i høve til dette og respektere greenkeeper si vurdering. Dette vert gjort for å ta best mogeleg vare på sommargreenane både ut sesongen og for framtida, samstundes som me framleis kan tilby sommarbane ei lita stund til.

Dei som må spele med eit eller fleire flagg på vintergreen på runden sin, skal kun betale greenfee for vinternbane (kr 250,- for 18 hol og kr 150,- for 9 hol).
Dette vil uansett gjelde så snart maskinen for lufting av greenane er reparert, og banemannskapet kjem i gong med luftinga av greenane på banen.

Ta gjerne kontakt med administrasjonen om du lurar på noko i høve dette.

Nedfrosen green på hol 6 kl.13 på onsdag 14.okt.