Nyheter

Vinterbanen stengt

Golfklubben fann det naudsynt å avklare med Kommunelækjaren i Bjørnafjorden Kommune, om han gjev tilsagn til at me kan halde vinterbanen open, som eit friluftslivstiltak, med dei retningslinenene klubben sette for dette.

Dette stettar ikkje Kommunelækjaren i si tilbakemelding.
Klubben stengjer derfor vinterbanen og alle andre fasilitetar på golfanlegget fram til og med 13.april.

Me beklagar dette til alle dykk som no har nytta banen til å komme dykk ut på ein tur i friluft. Me tilrår samstudes alle å komme seg ut på tur, og følgje Folkehelseinstittuttet sine retningsliner for smittevern.