Nyheter

Bjørnefjorden Winter Challenge 2020

Turneringar på simulator

Bli med på vinterens kjekkaste golfeventyr på Bjørnefjorden Golfklubb!!

Winter Challenge 2020 består av 3 turneringar på simulator 

Første runde er ei lagturnering, og vert avvikla fredag 24.januar  - sundag.26.januar
Andre runde er ei parturnering, og vert avvikla fredag 21.februar - sundag 23.februar
Tredje runde er ei singleturnering og vert avvikla fredag 20.mars - søndag 22.mars

Det vert 6 starttider kvar gong:
Fredag kl.16 og kl. 19.30, laurdag kl.10 og kl.13.30 og sundag kl.10 og kl.13.30
NB! Kvart lag skal spele ein runde, og vert sett opp på på ei av dei 6 starttidene. Me prøver så langt det let seg gjere å ta den starttida som er førstevalet.

Dette er ei nettoturnering, men me vil også premiere beste single bruttoscore på kvar runde
I tillegg vil me premiere Order Of Merit (både brutto og netto) - då må du vera med på alle 3 turneringane

Du treng ikkje ha nokon erfaring med bruk av simulator for å vera med. Det vil vera folk til stades som set opp simulatorane for spel og som vegleier deg på korleis du nyttar han 

Påmelding finn du i mappa klubbturneringar i Golfbox

Har du spørsmål så ta kontakt med Bjarte på tlf 41321218 eller Rolf på tlf 90067427